Dunderhonning på Musikkfest

I morgon, laurdag 5. juni, deltar Dunderhonning på det fine arrangementet  Musikkfest Oslo. Bandet spelar utanfor Internasjonalen ved Youngstorget omtrent 17.30. Ein god dag for å sjekke dei og mange andre band heilt vederlagsfritt, bli kjent med Oslo, drikke midt på formiddagen og la det stå til.

Posted in Uncategorized | 1 Comment

Paul Weller

Paul Weller, den koolaste 50-åringen i Storbritannia (sorry Gordon Brown), er ute med ny bra plate. Fyren bryter jo opptil fleire naturlovar når han lager interessant og relevant musikk langt uti karriere si. Dei to siste soloplatene hans, spesielt 22 Dreams, er både betre og dristigare enn tidlegare utgjevingar under eige namn.  Eg feirer livslang læring med ei speleliste med låtar frå solokarriera hans og banda som han var ein sentral medlem av, The Jam og The Style Council.

Paul Weller speleliste på Spotify

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Og dei nominerte er…

Dunderhonning er eit av 20 band som er valt ut til å tevle om å spele på Underwood på Norwegian Wood. Guano Rec oppmodar folk til å stemme på bandet eller ein av dei andre kandidatane. Her stemmer du. Yes, you can!

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Ole Johnny Stensland

Lørdag 24. april får vi storbesøk frå Hamarøy når Ole Johnny Stensland tar Skutvikferga over Vestfjorden for å dra nokre låtar på Leknes og Huset kafe. Det blir både eige materiale og coverlåter av artistar som Dylan, Cornelis Vreeswijk, Evert Taube, Tom Waits, Neil Young, Hank Williams etc. Dj Esben spelar tidsriktig musikk. Konserten er i samarbeid med Klubben Fot. Døra opnar 20, musikk frå 22.

Ole Johnny er forøvrig også frontfigur i bandet Samuel Tramp som nettopp har gjeve ut debutplata Lucy.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Tuna Laguna i studio

Tuna Laguna har halde ein forhaldsvis låg profil sia dei gav ut Ripples and Swells i 2007. Men i det siste har vårt overvåkningssystem (Google Earth Street View) registrert meir og meir aktivitet. Det har vore sporadiske konsertar, bandet har jobba med nytt materiale og dei har byrja å spørje oss om pengar. Okei, det siste fann eg på.

Sist helg gjekk bandet i studio eller rettare sagt ein låve for å påbyrje det som etterkvart blir ei plate. Dei skal gjere innspelinga i fleire omgangar og vil prøve å mikse og ferdigstille låtane undervegs. Korfor ein låve? Bandet ønskjer å spele inn sakene i eit stort rom og leggje vekt på sjølve innspelingsfasen, aktiv bruk av rommet, mikrofonplassering og slike ting, og gjere minst mogleg etterarbeid, som t.d. leggje på klang, auto-tuner og andre fiksfakserier. Målet er å skape ei plate med varm og organisk lyd. Hmm, høyrast deilig ut. Tvitvi!

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Lalala

Kaja Bremnes, verdas beste kvæfjordværing (okei, vi kjenner ikkje såå mange frå Kvæfjord), har brukt vinteren på å spele inn debutplata si. Det heile har skjedd i Kysten studio i Tromsø saman med produsent Andreas Mjøs frå Jaga Jazzist. Og vi gler oss utifrå det som ligg på My Space! Eg må seie, I Was a Waltz er ei av dei betre norske låtane eg har høyrt på lenge. Endeleg nokon som tør å ta han litt når det kjem til produksjon og arrangement. Og som lukkast med det. Lalala. Som forresten er tittelen på plata. Det er ikkje heilt bestemt når sakene kjem ut, men som bestemora mi seier: “Esben, deinn som veinnta på noka godt, veinnta ikkje forgjeves. Har du fått deg jobb og kjæreste?” Okei, det siste skulle ikkje med her. Vanskeleg å sitere ho Bessa i Borge.

Vi elskar jo å namedroppe band og vi fekk Kaia til å nemne nokre artistar som ho har høyrt mykje på i vår:

Passion Pit
Rainbow arabia
Fools Gold
Bill Callahan
Dirty projectors
Deerhoof
Bombay bicycle club
Born Ruffians
Marie Sioux
The National
Scott Walker
Burt Bacharach

Vi har vore såpass frekk at vi har laga ei speleliste på Spotify. Håpar du tilgjev låtvala våre Kaia. Pleeease! Du er den einaste vi kjenner frå Kvæfjord.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Twitter

Guano Recordings har heilt sia sin spede start hatt som uttalt mål å vere tilstade i alle informasjonskanalar og sosiale medium med sin irrelevante tåkeprat. Det er difor med stor glede at vi kan meddele at vi er på Twitter.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Serge Gainsbourg

I Bodø er det quiz hver mandag. Selve personifikasjonen av Bodø, mannen som har hele byen konsentrert i seg selv, Knut Eide, er mester, han og Liv Okkenhaug. Flinke folk.

For en stund siden fikk vi oppgaver om fransk musikk. Seks lydklipp ble spilt og vi skulle gjette på artist og sangtittel. Og av en eller annen grunn tippet vi Serge Gainsbourg som svar på fire av klippene. Ingen av oss visste noe som helst om fyren, annen enn at han var fransk (det var riktig nok noe uenighet om fyren kunne være belgier) og sannsynligvis ganske kåt. Men vi forstod da at når psykologen sier fransk musikk, sier vi Serge Gainsbourg, eller noe som likner, fyren har tross alt popmusikkens minst uttalbare navn.

Nylig har en gjeng franskmenn laget filmen Gainsbourg, vie héroïque, og gitt hipstermellomfagsskribenter sjansen til å drikke seg fulle på rødvin og hylle Gainsbourg. Kom igjen! Fransk popmusikk? Salige Serge, fred være med han, synger ikke en setning uten å høres konstant kåt ut og perkusjonen er erstattet av intens stønning og rop som fra innerst i jungelen. Men han var en skitten fyr, det skal han ha.

Ta gjerne kontakt om dere vil være med på quiz i Bodø. 91848005.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Fiskerinytt

I kveld vil Oslofjorden oppleve eit større innsig av rockarar frå Nordland og Troms når Dunderhonning varmer opp for dei gode folka i det bra bandet Kråkesølv på John Dee.

Det britiske musikkmagasinet Mojo har omtalt Dunderhonning med nokre fine ord i ein rapport frå årets by:Larm. Dei kjem mellom anna med ein god og ganske relevant referanse til Mission of Burma.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Om Sivert Høyem

Vi så Sivert Høyem på TV her om dagen. Han vant en spellemannspris og måtte opp på en scene sammen med Cato Salsa og hatten til Cato Salsa for å si takk. Og dermed kom vi til å tenke på den siste plata til Sivert Høyem. Mark Twain skal ha sagt om Richard Wagners musikk at den er bedre enn den høres ut. Musikken på Moon Landing er tvert imot verre enn den høres ut. To spørsmål melder seg: hvorfor har Sivert Høyem laget et så ekstremt middelmådig album, og hvorfor får han likevel gode kritikker?

La det være klart: vi liker Sivert Høyem. Vi liker Madrugada. Sivert Høyem er fra Vesterålen, en region som med jevne mellomrom søker om å få lov til å kalle seg Lofoten. Sivert er dermed på sett og vis også fra Lofoten, som oss. Han er en profet i eget land som vi er stolte av. Det er klart, han har flyttet fra Liliput og bor nå i kjempenes land, kjendisenes land, blant nikkere og skulderklappere. Nord-Norge er for lite. Humor og gudstru er ikke nok i seg selv.

Men vi liker altså ikke Moon Landing. Etter Madrugada kunne Sivert sette en ny kurs. Ladies and Gentlemen of the Opposition (2004) og Exiles (2006) er flotte album, deilig ujevne, med vindskeive låter og masse friksjon. Alt er litt på skakke, litt Neil Young i innstilling, rustent og skrått, men med sjel, sjel, masse sjel. Moon Landing derimot er mye flatere, striglet, mer kalkulerende rettet mot et større publikum. Rett nok har presset vært annerledes. Det er lettere å gi ut plater som et tillegg til noe større, presentere det som overskuddsmateriale, bare noe ekstragreier som var artig å jobbe med. Men da Sivert Høyem var alt som stod igjen, sviktet motet. I forhold til tidligere arbeider er Moon Landing som å lese Tore Renberg sammenliknet med James Lee Burke. Vi føler oss lurt.

Flokkdyrene hyller Moon Landing, det dårligste Sivert Høyem noen gang har satt navnet sitt på. Finn et nytt band, kutt ut de idiotiske hattene, omgå færre kjendiser og flytt fra Oslo. Vi mener det godt, Sivert.

Posted in Uncategorized | 1 Comment

Musikk er som fuckings…#11

Her om dagen greidde eg å overvinne apatien min i ca. tre kvarter, slik at eg fekk raska ihop ei samling med låtar og artistar som eg har høyrt ein del på i det siste. Har mellom anna tatt med ei låt frå plata Dark Developments som Vic Chesnutt, Elf Power og The Amorphous Strums gav ut i fjor. Trur eg. Ei veldig fin plate som desverre vart ei av dei siste med Vic Chesnutt. Han døydde for ikkje altfor lenge sia. Stricken City, Bo Diddley, Erkin Koray, Ride og Tune-Yards er nokre av dei andre artistane. Sistnemnte er soloprosjektet til Merrill Garbus som også spelar i Sister Suvi. Særdeles/meget bra.

Musikk er som fuckings terapi for meg #11 på 8tracks, Spotify og Wimp. Dei to sistnemnte spelelistene er litt annleis enn den opphavelege samlaren. Eg vil på det sterkaste fråråde folk, spesielt ungdom under 18 år, om å sjekke ut Erkin Koray på Spotify. Det var mange artistar som ikkje takla overgangen frå 70- til 80-talet, og Tyrkia var spesielt hardt ramma.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Bodø kjem!

Gouranga og IHAB legg snart heimbyen Bodø bak seg for å dra ut på ein odyssé i vårt langstrakte fylke, eller ein turne, om mitt svulstige språk ikkje gjev meining. Dei tar til og med turen innom heimøya vår for å spele. Vestvågøy, Vestvågøy, fuckings Vestvågøy. Det skjer torsdag 11. mars på Drivhuset. Vi oppmodar både gammal og ung til å ta turen for å sjekke ut desse finfine banda frå Bodø by.

Turnerute:
Onsdag 10/3 Sortland Rockeklubb
Torsdag 11/3 Drivhuset, Leknes
Fredag 12/3 Plastelina, Harstad

Posted in Uncategorized | Leave a comment

The Beat Happening på fredag

Etter ein lengre time-out er det atter ein gang klart for ei ny og revidert utgåve av vårt vesle dj-konsept, The Beat Happening. Dette skjer fredag 26. februar på Huset kafé på Leknes. Eg vil snurre plater på eit komfortabelt lydnivå, omtrent 130-140 decibel. Det vert som vanleg blanda drops både i lokalet og musikkrepertoaret, ein god miks av soul, rocknroll, boogie, pop, indierock, bebop, blues etc, gammalt og nytt, kjent og ukjent. Vårt motto er som alltid: samle okei folk, spele okei musikk og ha det okei. Okei!

Ta turen! Vi startar rundt 21.00.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Dunderhonning namedroppa

Guano Recordings tar vanlegvis sterk avstand frå namedropping, men gjer eit hederleg unntak når våre band vert utsatt for det. Dunderhonning skal, som vi kanskje har nemnt 40-50 gongar, spele på bylarm om nokre dagar. Dagbladet fredag nemner Dunderhonning som eit av banda verdt å sjekke ut under tilskipinga. Om du er ein popsurfer vel og merke. Dagsavisen har også med bandet når dei har laga ei liste over 10 band som folk bør få med seg. Ein okei norsk musikkblogg som heiter Birds sometimes dance har laga ein guide til bylarm der gutane er med. Guano Recordings oppmodar alle til å undertrykke eigne ønsker, magekjensle etc under by:Larm og heller følgje desse tipsa slavisk.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

It`s a Fudge

Debutplata til Tuna Laguna, It`s a Fudge, har lenge vore utselt. Eg har overlevd fleire attentatforsøk frå fans som har prøvd å få fatt på det eine eksemplaret eg har klistra med gaffatape til kroppen. Men no har vi plutseleg kome over eit titals plater i det hemmelege rommet kor vi av ulike praktiske grunnar oppbevarer rekneskapet til Guano Rec. Folk som kjenner oss veit at vi er nokså kjipe. Men hey, forandringar fryder. Difor sel vi platene for 50 kr per stk., inkl. porto. Fan, eg føler meg stor. Send oss ein e-post om du har lyst på ei plate.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Dunderhonning på by:Larm

Det nærmar seg by:Larm og Dunderhonning skal spele to gongar under festivitetane i Oslo. Torsdag 18. februar klokka 20. 30 spelar dei på Gamla og laurdag klokka 01.00 står kjellaren på Revolver for tur.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Postcard Records

I den kreative og gode perioden etter punken, originalt nok kalla post-punken, dukka det opp ein liten skotsk label med mottoet The Sound of Young Scotland. Ein liten nikk til Motown sitt “The Sound of Young America”, og kanskje ein indikasjon på andre referansar enn det som var vanleg innanfor dei alternative musikkmiljøa på den tida.

Postcard Records vart danna av Alan Horne i 1979, Glasgow sitt svar på Andy Warhol. I følgje seg sjølv. Labelen gav ut 12 sjutommarar og eit album før dei la ned geskjeften i 81. Fire band var innom labelen på dei snaue to åra, Orange Juice, Josef K, The Go-Betweens og Aztec Camera. Dei to sistnemnte er betre kjent for det dei gjorde etter Postcard. Orange Juice og spesielt Josef K vart band for dei spesielt interesserte. Men dei fekk mange nye tilhengarar når Franz Ferdinand med fleire nemnte dei som store inspirasjonskjelder tidleg på 2000-talet. Og det høyrer ein tydeleg også.

Postcard Records representerte på mange vis ein anna estetikk enn mange av dei andre alternative banda i samtida. Langt meir poporientert og funky. Ja, du høyrte kva eg sa. Funky funky funky. Samstundes var dei også  skakke, ranglete og opne i lydbilete. Slik vi liker det! Dei henta mykje inpirasjon frå 60-talet som t.d. The Byrds og Velvet Underground, men også frå soul og disco.

Sjølv om Postcard Records hadde ei kort levetid, så spela dei og banda ei viktig rolle i utviklinga av det vi i dag kallar indiepop. Dei opna opp for fleire og breiare musikalske referansar. Og greidde å kombinere dei på ein måte som den dag i dag låter friskt som dugg.

Miksteip på 8 tracks

Speleliste på Spotify (ikkje berre frå utgjevingar på Postcard Records)

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Æ bor i Lofoten

Våre venner i aust, Feskslog Records, har nettopp gjeve ut ei flott bok om pop- og rockehistoria i Vågan. Knut Erik Øverjord og Øyvind Hanssen har lagt ned eit solid stykke arbeid med å kartleggje band, artistar og arrangørar opp gjennom tida. Pionerarbeid på lik linje med Asbjørnsen og Moe. Aaah, eg elskar å trekkje historiske parallellar. Det er altfor lite populærmusikk i lokalhistoria kring i landet og gutane viser veg. Knut Erik har også gjort boka til eit fryd for auget.

Æ bor i Lofoten er trykka opp i eit opplag på 500 stk. Det kan med andre ord vere lurt å bestille seg eit kopi ganske kjapt. Fleire døme frå boka og bestillingsinfo på heimesida til Knut Erik.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Money, money, money, money, money…

Dunderhonning, Kråkesølv, Moddi og Little Hands Of Asphalt har takka nei til å delta i tevlinga om smørepengane til Statoil under bylarm. Guano Recordings gratulerer og har etablert eit alternativ stipend på 800 000 zimbabwiske dollar til alle som melder seg inn her.

The O`Jays – For The Love Of Money (Spotify)

Posted in Uncategorized | Leave a comment

09 `Til Infinity VI

Stian Grønbech/Elias Jung:

Har fått en oppfordring fra redaksjonen om å lage en liste over mest spilte skiver i år 2009. Jeg har valgt å være konsis, og har plukket ut 10 album. Her følger listen (uten rangering) med en liten kommentar.

Oh Mercy - Bob Dylan (1989)

Dette ble for meg en udelt positiv overraskelse. Overraskende først og fremst fordi jeg ikke hadde ventet å finne en Dylan-plate av et slikt kaliber på slutten av et vanskelig tiår. Fantastisk og tidløs produksjon av Daniel Lanois, og låtskriving en mester verdig.

Sometimes I Wish I Were An Eagle - Bill Callahan (2009)

En veldig flott plate, som vokser over tid. Litt krevende underveis rent lyttermessig. Postet en blogg om Bill Callahan da jeg falt pladask for låta ”Eid Ma Clack Shaw”.

Wilco (the album) – Wilco (2009)

Stilig plate fra et stilig band. Dødsfallet til tidligere medlem Jay Bennett skaper et dunkelt bakteppe over det som kanskje var ment å skulle bli gruppas definitive verk. Likevel er dette meget vitale saker, og konserten på Øya i sommer viste et rockeband i storform.

Hang Me Oh Hang Me – The Deep Dark Woods (2007)

Canadisk band som spiller countryrock i ordets rette forstand. Herlig gitarsoloer og flott låtsnekring. Denne plata er must for folk som setter pris på band som for eksempel Magnolia Electric Co og tidlig Fairport Convention.

I’m Not There (Original Soundtrack) – Diverse artister tolker Bob Dylan (2007)

Sountracket fra spillefilmen om Bob Dylan er minst like hørverdig som filmen er severdig. Noen av tolkingene er geniale i sin tilnærming til mesterens originale materiale. Jeg nevner noen av favorittartistene som bidrar: Sonic Youth, Calexico, Mark Lanegan, Cat Power, Jeff Tweedy, Mira Billotte, Charlotte Gainsbourg, Antony & The Johnsons.

Our Mother The Mountain – Townes Van Zandt (1969)

En av skivene jeg har hørt mest på det siste tiåret, og som helt sikkert vil gjelde for det neste tiåret. Noen videre kommentar er vel unødvendig

The Greatest – Cat Powers (2006)

Chan Marshall med artistnavnet Cat Power gjorde et hamskifte med denne utgivelsen, og forlot til en viss grad sin minimalistiske songwriter-stil . Sikkert til skuffelse for noen, men for karrieren hennes betydde det et oppsving. Flott band, og varm og luftig produksjon. Litt ujevn plate, men gjennomført til siste tone.

Person to Person – Foreign Born (2009)

Fikk denne skiva anbefalt av en venn, som mente at dette var et absolutt ”must”. Noe som viste seg å stemme riktig så bra. Musikken går vel inn under den noe tåkete sjangerkategorien indie, men kan vel likegodt kalles poprock. Veldig bra band. Fra Amerika.

Fleet Foxes – Fleet Foxes (2008)

Nydelig folk-plate anno 2008. Innbiller meg at 2009 må ha vært et særdeles godt år for pengepungen til de skjeggete mennene.

I Draumar Fær Du – Finn Coren (2008)

Et mesterverk på tvers av sjangrer – både musikalsk og kunstnerisk. Finn Coren (som er norsk) har tidligere satt musikk til diktere som Blake og Yeats. Dette må likevel kunne definereres som hans mest ambisiøse plate. Et dobbeltalbum med musikk til dikt av Olav H. Hauge.

Posted in Uncategorized | Leave a comment