Stian og Vishnu

Tromsøbandet Vishnu har nettopp gjeve ut debutalbumet “Outskirts of Love” på Big Dipper, ei bra platesjappe og fin label i Oslo.  Guano Recordings har som mål å infiltrere alle rockeband nord for polarsirkelen slik at vi kan ta Tono-pengane deira, og Vishnu er intet unntak. Stian Grønbech aka Elias Jung har vore med på innspelinga og spelar også med bandet på konsertar i det ganske land. Sjå etter ein skjeggete fyr på tangentar om du er på ein av konsertane deira.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Eline Thorp og si:gur

Guanofabrikken låner forretningsideen til Ellos og Dressmann og inviterer til konsert fredag 19. november på Huset kafé med Eline Thorp og si:gur + The Beat Happening gratis med på kjøpet. Betre deal får du ikkje. Konserten er ein del av ein mindre turne i fylket.  Dagen etterpå spelar Eline og Sigurd på Sortland under ungdomsfilmfestivalen Laterna Magica. Dei gode folka i Sortland rockeklubb står bak arrangementet.

ELINE THORP
Eline Thorp kommer fra Hamarøy og bor i Bodø. Nylig ble hun plukket ut til å spille på by:Larm-festivalen i februar 2011. Hun liker å sammenligne seg med artister som Regina Spektor, Ingrid Olava, Moddi og Kråkesølv. X Rockeklubb har skrevet dette om Eline:

“Det hviler noe litt mystisk over Eline Thorp. Dog på et nydelig vis. Hun dukket opp fra intet og da hun sang under Kjerringråkk i april
overrasket hun oss alle. [..] vi ble tatt med storm, vi ble trollbundet. Denne unge piken er i besittelse av en svært karakteristisk stemmeprakt og vi er kanonsikre på at Eline Thorp er Hamarøys redningskvinne.”

SI:GUR
si:gur er Sigurd Lamark. Bodøgutten spiller sine egne små melodier med poetiske tekster på nordnorsk; Viser, om du vil. Sigurd er også frontmann i bandet Ihab som spilte på Leknes tidligere i vår. Si:gur er et trivelig pusterom, milde låter med fokus på de små tingene i livet. Tidlige morgener og seine kvelder.

THE BEAT HAPPENING
Dj Trond Jervell snurrer skiver etter konserten. Det blir ei god blanding; pop, folk, kraut, noe soul/funkish og litt blippblopp. Trond har nettopp flytta hit etter eit lengre opphald i ein av omskuleringsleirene som Vestvågøy kommune har etablert på hemmelege plassar på Austlandet. Velkommen til par-a-dis Trond!

Fredag 19. november. Døra opnar 21.00. Musikk frå 21.30. Billett 70 kr.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Vi er på Spotify

Debutalbumet til Dunderhonning er ute på Spotify.

God helg!

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Last FM

Last FM var eit av dei første sosiale medium som gjorde det mogleg for oss å briefe med kva vi høyrte på ovanfor venner, arbeidsgjevarar osb: indieindieindieband, psykedeliske band frå Midtvesten som gav ut ein (1) singel i kjølvannet av The British Invasion på midten av 60-talet, konseptalbum frå tidleg 70-tal av hippiekollektiv i Køln inspirert av Stockhausen og med lause band til RAF etc.

Last FM lever i beste velgåande (eeh trur vi), sjølv om dei har fått sterk konkurranse i den seinare tid frå t.d. Spotify og Facebook. Guano Recordings har eige profil på Last FM og har lagt ut dei fleste utgjevingane våre på sida, no sist Sakte ut av fokus.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Omtalar Sakte ut av fokus

Debutplata til Dunderhonning har vore ute nokre veker no og det dukkar enno opp omtalar her og der. No i veka meinte Dagbladet at “norsk nyveiv har nye fanebærere”. Guano Recordings er allereie i intense forhandlingar med Spelemannskomiteen om gjenoppretting av kategorien “Ny veiv” som The Aller Værste vann i på 80-talet ein gong.

Låta Støv er det norske bidraget i Music Alliance Pact i oktober. Dette er eit nettverk av musikkbloggar omkring i verda som presenterer band frå sitt eige heimland. I Noreg er det den flotte bloggen Eardrums som står for utveljinga. Bandet har også vorte omtalt i ein anna fin blogg som heiter Ny musikk hver dag.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Sleppefest for Sakte ut av fokus

Ta turen på sleppefesten til Sakte ut av fokus på John Dee i kveld! Donjon Doxy spelar før Dunderhonning kjem på.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Fleire omtalar av Sakte ut av fokus

Sakte ut av fokus kom ut no på måndag og det har dukka opp fleire omtalar av plata. Aftenposten kallar det “Undrete godt” og tykkjer sakene er “imponerende indie på norsk” . VG kritiserer den obligatoriske pensumlista vi gav bandet før dei gjekk i studio og ein del andre ting. Svak firar. Studentradioen i Bergen har også B-lista låta Støv denne veka.

Albumet er også tilgjengeleg i Wimp, Itunes etc.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Dunderhonning i mediabilete

“Sakte ut av fokus” har fått sin første plateomtale i Dagsavisen. Avisa skriv mellom anna, “Dunderhonning vil neppe bli spilt på P1 og framstår ikke som utpreget folkekjære.” Og då kan vi i Guano Rec. gledeleg konstantere at bandet har lukkast med plata. “Sakte ut av fokus” har også fått ein fin omtale på Rockblogg. Sjølvlært gitarist Tore har blitt intervjua av NTB i samband med platesleppet. Saka har mellom anna dukka opp i Romdals Budstikke og Sunnmørsposten. Møre og Romsdal!

Sleppefesten vert 6. oktober på John Dee. Men det er mogleg å sjekke ut bandet i levande live før den tid. Dei spelar på Schous kulturbryggeri under Oslo kulturnatt fredag 24. september. Eit flott arrangement der nokre av dei 400 000 kunstnarane i Oslo får sjanse til å vise seg fram.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Singel på Spotify

Singelen til Dunderhonning er no også tilgjengeleg på Spotify. Sjekk ut Ny Aveny og Støv!

Sleppefesten til albumet “Sakte ut av fokus” vert 6. oktober på John Dee i Oslo. Det fine bandet Donjon Doxy spelar før Dunderhonning.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Låtliste og MP3

Mogleg eg gjentar meg sjølv no, men albumet til Dunderhonning, Sakte ut av fokus, kjem 27. september. Her er låtlista med gratis MP3 av Støv.

Manifest
Støv
Knallrøde leppe og blåfrosne ord
Bølgeskum
Ny aveny
Glass
Ikkje ta mæ med
Løvetann
Vådeskudd
Alle får jetfly til jul
Drømma om å ta dæ for gitt

Posted in Uncategorized | Leave a comment

MESFT#12

Eg har samla saman nokre låtar av band som eg har høyrt på ein del i det siste. Ei låt med Jim O`Rourke frå den flotte plata Insignificance. Liker det musikalske prosjektet til fyren, både på eige hand og gjennom andre samarbeid som til dømes med Sonic Youth og Wilco. Broken Social Scene har vorte ein stabil leverandør av god musikk og det siste albumet er ikkje noko unntak. Tykkjer det er eit hakk betre enn det førre. Har tatt med eit fint spor frå ein 7″ som kom med vinylutgåva av Seven Swans til plateaktuelle Sufjan Stevens. Elles er det låtar med LoneLady, Cate Le Bon (bilete), Avi Buffalo, Tame Impala og Wavves.

Sjekk ut Musikk er som fuckings terapi for meg #12 på 8 tracks og litt anna speleliste på Spotify.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Ny aveny og Støv på Wimp

No er singelen til Dunderhonning tilgjengeleg på Wimp. Ny aveny og Støv er to av låtane som kjem på albumet 27. september.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Støv A-lista på Radio Nova

Vi har ofte hatt eit problematisk og til tider bittert forhold til akademikarar pga våre eige mislukka utdanningsløp, men no byrjar ting å mjukne opp. Dunderhonning og låta Støv har nemleg vorte A-lista på studentradioen Radio Nova i Oslo. Sjekk låta på My Space.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Sakte ut av fokus

Dette er ikkje ein post om merkevarebygginga til Guano Recordings, men eit innlegg om debutplata til Dunderhonning som kjem ut 27. september. Jess, Mistadobalina. 27. september. Plata heiter Sakte ut av fokus og har 11 spor. I den uuthaldelege ventetida er det mogleg å sjekke ut den digitale singelen Ny Aveny/Støv. To herlege låtar som representerer ulike sider ved bandet. Både den tette og energiske og meir luftige og søkande. Hehe. Låtene har allereie kome på Musikkonline og vil etterkvart kome på Wimp, Spotify, Itunes etc.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Ny distributør

Guano har bytta distributør frå vår mangeårige koalisjonspartnar Tuba Records til Musikkoperatørene. Vi trur dette kan styrke vår målsetnad om å spre nordnorsk melankoli og gudstru med moderne populærmusikk som middel. Musikkoperatørene har stor fokus på norsk musikk og distribuerer mange uavhengige norske plateselskap ikkje heilt ulik oss. Vi ser fram til samarbeidet og lover å vere snille på juleborda. Er det julebord?!

Vi takkar også Tuba for samarbeidet! Keep it up.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Festival!

No til helga er det to fine festivalar i vårt umiddelbare nærområde, dvs innanfor ein radius av 100 mil. Blabla-festivalen på Sortland og Ut av vår hule på Fauske. Felles for båe er eit stort innslag av unge artistar og band frå Nord-Noreg.

Blabla har sitt opphav i miljøet rundt Rockeklubben på Sortland og har eksistert nokre år. I år har dei også program på torsdagen, mellom anna med Surfers Lingo (bilete) frå Svolvær. Som forresten skal spele under Øyafestivalen i Oslo.

Ut av vår hule hadde sin start i 2008 og vert arrangert annankvart år. Festivalen er i det nedlagte marmorbrotet på Fauske, kanskje eit av dei koolaste festivalområda i Melkeveien.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Kaia på Huset

Fredag 16. juli tar Kaia turen til Vestvågøy for å spele på Huset kafé. Det er to år sia ho hadde ein flott konsert hos oss. I mellomtida har ho jobba med debutplata som er like rundt hjørnet.

Konserten er i regi av Klubben Fot. Platesnurring før og etter konserten. Døra opnar 20.00, musikk frå 21.30.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Elias Jung på Huset

Lokal (anti)helt Elias Jung aka Stian Grønbech, evt. Stian Grønbech aka Elias Jung, spelar på Huset kafé fredag 9. juli. Stian har så smått byrje arbeidet med ny plate og kjem til å presentere nytt og gammalt materiale + eit velassosiert utval coverlåtar.

Dørene opnar rundt 20.00, musikk frå 21.30. Stemningsskapande musikk før og etter konserten.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

The bbbbbbeat

Trond Jervell og Esben Nedrebø spelar plater når The Beat Happening inntar Huset kafé for å feire sommartidene til rutetrafikken i regionen. Målet er samle halvgode folk, spele halvgod musikk og la han stå til. Fredag 2. juli kl. 21.00.

Og det er fleire ting som skjer. Dunderhonning er på heimlege trakter (Harstad) og spelar på Det sorte får same kveld.

Posted in Uncategorized | 1 Comment

LIAF 10.-12. juni

LIAF, Lofoten International Art Festival, er ein samtidskunstfestival som vert arrangert annankvart år i Svolvær. Det er ikkje ordinær festival i år, men dei har likevel fleska til med eit spennande program førstkomande helg. Når sant skal seiast, det er vel strengt tatt ein musikkfestival. Mestparten av programmet består av konsertar og dj-sett. Kråkesølv, Moddi, Lars Vaular, Dj Annie og Æ er nokre av dei som deltar. Men musikk er jo kunst, ifølgje det utvida kulturomgrepet. Og det er også ein lang tradisjon for samrøre mellom kunstnarar og rockarar, med tidvis glimrande resultat (sjå video).

Posted in Uncategorized | Leave a comment