Author Archives: Esben

Mir

Dunderhonning har behov for å teste ut nye frekvensområde på folk. Konsert på Mir i Oslo lørdag 5. desember. Tune in! Bandet har også kome seg på Twitter.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Tuna Laguna på Bolla og Lillebillfestivalen

Tuna Laguna spelar på Bolla og Lillebillfestivalen 28. november. Dette er ikkje eit kreativt namn på julebordet til Guano, men ein 4-dagars musikk- og teaterfestival på Kultursenteret Isak i Trondheim. Innfinn deg om du er i Trondheim og omegn.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

To nye låtar

Det popper stadig opp nye godlåtar frå Dunderhonning omkring på på nettet. Vår IKT-ansvarleg har eit streva styr med å halde oversikten, men vi gjer eit forsøk her: Manifest på NRK Urørt Bølgeskum på My Space

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Ei av årets!

Flaming Lips tar han virkeleg ut på Embryonic. Det er mogleg min mentale tilstand slår inn i vurderinga, men dette albumet tar både gull, sølv, bronse og poenggjevande 4. og 5. plass. Mp3 – Worm Mountain (via Super 45)

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Open My Eyes Todd

The Nazz er bandet Todd Rundgren spela i før han gjekk solo. Eit av mange amerikanske band som starta opp i kjølvannet av den britiske invasjonen. Låta “Open My Eyes” er ei ypperleg poplåt som tar nokre gode vendingar undervegs. Typisk Todd. Og morosam video. Eg er usikker på moralen i historia, men sikkert noko [...]

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Spam-o-rama!

Vonde krefter, sikkert leia av dei multinasjonale plateselskapa, pornoindustrien og datanerds i Singapore, prøver å destabilisere Guano gjennom spam i våre kommentarfelt. Vi måtte difor sletta alle kommentarane, også dei vennlegsinna. Eg meiner, den venlegsinna. For tida er det berre mogleg å skrive komentar om ein er logga på WordPress. Men vår tekniske avdeling jobbar [...]

Posted in Uncategorized | 3 Comments

Dunderhonning til by:Larm

Dunderhonning er eit av 41 demoband som er valt ut til å spele på by:Larm i Oslo 18.-20. februar 2010. Guano gratulerer gutane og dei andre utvalte banda og spretter ei flaske Champagne for å feire. Retting! Etter å ha rådført oss med rekneskapsføraren vår vert det ei flaske Cava.

Posted in Uncategorized | 2 Comments

In the Court of the Crimson King

Eg fekk låne debutplata til King Crimson, “In The Court of the Crimson King” av ein hedersmann i troppen min når eg avtjente førstegangstjeneste på Setermoen. Han dimma like etterpå og eg hugsar ikkje namnet hans. Men han hadde langt hår som han nekta å klippe. Hmm, kanskje difor han dimma. Det var ei sjelesettande-ut-av-kroppen-oppleving [...]

Posted in Uncategorized | Leave a comment

MESFT #10

Etter min ukritiske hyllest til 8tracks for ei tid tilbake har eg endeleg somla meg til å lage min første miks på sida. Elendige overgangar, overdreven namedropping etc. Med andre ord. Alle kjenneteikn på min feuilleton Musikk er som fuckings terapi for meg. Artistane på miksteipen: Bibio, Viva Voce, Dappled Cities Fly, The Yardbirds, Foreign [...]

Posted in Uncategorized | 2 Comments

Nysnø på fjella

Lofotposten melder at den første snøen har falt på fjella heime i Lofoten. Eg høyrte på ei låt av Tara Jane O`Neil når eg leste saka. Eller det er mogleg eg innbilte meg det. Mp3 – Drowning (via Stereogum). Frå albumet A Ways Away.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Megafaun

The Fall (mp3) Frå albumet Gather, Form & Fly My Space

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Lenge leve miksteipen II!

I førre post skreiv eg om 8tracks, ei side som gjev folk sjansen til å leggje ut og høyre miksteipar på nett. Men vi må jo ikkje gløyme i desse internettider at heile miksteipkulturen starta med kassetten og etterkvart også cd-r. 8tracks er faktisk kalla opp etter dei første kassettane som kom på marknaden på [...]

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Lenge leve miksteipen!

Internett. For ei fantastisk greie. Ikkje nok med at eg slepp å ha eit sosialt liv, eg får sjekka ut mengder med musikk på nye og spennande måtar. Som musikkinteressert openbarte det seg ei ny verd for meg tidleg på 2000-talet når overføringskapasiteten på nettet vart betre. Det eksisterte ikkje så mange sider som gav [...]

Posted in Uncategorized | 2 Comments