Author Archives: Esben

Musikk er som fuckings…#11

Her om dagen greidde eg å overvinne apatien min i ca. tre kvarter, slik at eg fekk raska ihop ei samling med låtar og artistar som eg har høyrt ein del på i det siste. Har m.a. tatt med ei låt frå plata Dark Developments som Vic Chesnutt, Elf Power og The Amorphous Strums gav [...]
Legg igjen en kommentar

Bodø kjem!

Gouranga og IHAB legg snart heimbyen Bodø bak seg for å dra ut på ein odyssé i vårt langstrakte fylke, eller ein turne, om mitt svulstige språk ikkje gjev meining. Dei tar til og med turen innom heimøya vår for å spele. Vestvågøy, Vestvågøy, fuckings Vestvågøy. Det skjer torsdag 11. mars på Drivhuset. Vi oppmodar [...]
Legg igjen en kommentar

The Beat Happening på fredag

Etter ein lengre time-out er det atter ein gang klart for ei ny og revidert utgåve av vårt vesle dj-konsept, The Beat Happening. Dette skjer fredag 26. februar på Huset kafé på Leknes. Eg vil snurre plater på eit komfortabelt lydnivå, omtrent 130-140 decibel. Det vert som vanleg blanda drops både i lokalet og musikkrepertoaret, [...]
Legg igjen en kommentar

Dunderhonning namedroppa

Guano Recordings tar vanlegvis sterk avstand frå namedropping, men gjer eit hederleg unntak når våre band vert utsatt for det. Dunderhonning skal, som vi kanskje har nemnt 40-50 gongar, spele på bylarm om nokre dagar. Dagbladet fredag nemner Dunderhonning som eit av banda verdt å sjekke ut under tilskipinga. Om du er ein popsurfer vel [...]
Legg igjen en kommentar

It`s a Fudge

Debutplata til Tuna Laguna, It`s a Fudge, har lenge vore utselt. Eg har overlevd fleire attentatforsøk frå fans som har prøvd å få fatt på det eine eksemplaret eg har klistra med gaffatape til kroppen. Men no har vi plutseleg kome over eit titals plater i det hemmelege rommet kor vi av ulike praktiske grunnar [...]
Legg igjen en kommentar

Dunderhonning på by:Larm

Det nærmar seg by:Larm og Dunderhonning skal spele to gongar under festivitetane i Oslo. Torsdag 18. februar klokka 20. 30 spelar dei på Gamla og laurdag klokka 01.00 står kjellaren på Revolver for tur.
Legg igjen en kommentar

Postcard Records

I den kreative og gode perioden etter punken, originalt nok kalla post-punken, dukka det opp ein liten skotsk label med mottoet The Sound of Young Scotland. Ein liten nikk til Motown sitt “The Sound of Young America”, og kanskje ein indikasjon på andre referansar enn det som var vanleg innanfor dei alternative musikkmiljøa på den [...]
Legg igjen en kommentar

Æ bor i Lofoten

Våre venner i aust, Feskslog Records, har nettopp gjeve ut ei flott bok om pop- og rockehistoria i Vågan. Knut Erik Øverjord og Øyvind Hanssen har lagt ned eit solid stykke arbeid med å kartleggje band, artistar og arrangørar opp gjennom tida. Pionerarbeid på lik linje med Asbjørnsen og Moe. Aaah, eg elskar å trekkje [...]
Legg igjen en kommentar

Money, money, money, money, money…

Dunderhonning, Kråkesølv, Moddi og Little Hands Of Asphalt har takka nei til å delta i tevlinga om smørepengane til Statoil under bylarm. Guano Recordings gratulerer og har etablert eit alternativ stipend på 800 000 zimbabwiske dollar til alle som melder seg inn her. The O`Jays – For The Love Of Money (Spotify)
Legg igjen en kommentar

Dunderhonning à la Harstad

Dunderhonning har dratt heim til Harstad i jula og spelar konsertar på ungdomshuset Plastelina 28/12 og Det Sorte Får 29/12.
Legg igjen en kommentar

09 `Til Infinity 5

Ståle Fossheim, Dunderhonning: I 2009 har jeg vært ganske retro-melankolsk, men også oppdaget et par nye, morsomme ting. Jeg nevner i fleng: Neil Young and Crazy Horse – Everybody Knows This Is Nowhere Joni Mitchell – The Hissing of Summer Lawns The Zombies – Odessey and Oracle Tom Waits – Closing Time Tom Waits – Live from Austin John Coltrane – Giant [...]
1 Kommentar

09 `Til Infinity III

Håkon Aaltvedt, Tuna Laguna: Embryonic med Flaming Lips, steintøff produksjon synes jeg, dirty som få. Deilig rotete og spontan musikk. Animal Collective: Merriweather Post Pavilion. Superstjernene. Bibio: Ambivalence Avenue. Tøft med vokal, finfin pop med retrolyd. Volcano Choir: Unmap.  Tidvis langdryg, tidvis nydelig Hørt på Grizzlybear Veckatimest, men synes kanskje forrigeplata var bedre. Noen veldig sterke låter dog.
Legg igjen en kommentar

09 `Til Infinity II

Her er lista over musikk som har vorte spela mykje i heimen til han Nedrebø i 2009. Eg fann fort ut at metodikken min for å utarbeide lista mest sannsynlegvis ikkje tilfredsstiller vitskapelege krav. Sikkert band eg har gløymt etc. Men det må jo vere litt rock & roll på slutten av året. Bat For Lashes [...]
Legg igjen en kommentar

09 `Til Infinity

Vi har på oppdrag frå oss sjølv sendt ut ei spørreundersøking  til eit representativt tverrsnitt av folka i banda, labelen og andre allierte for å kartlegge kva dei har høyrt på i det herrens år 2009. Først ut, Eirik Jakobsen i Tuna Laguna. 1. Tortoise – Beacons Of Ancestorship (MP3 – Prepaire Your Coffin) 2. Grizzly Bear [...]
Legg igjen en kommentar

Mir

Dunderhonning har behov for å teste ut nye frekvensområde på folk. Konsert på Mir i Oslo lørdag 5. desember. Tune in! Bandet har også kome seg på Twitter.
Legg igjen en kommentar

Tuna Laguna på Bolla og Lillebillfestivalen

Tuna Laguna spelar på Bolla og Lillebillfestivalen 28. november. Dette er ikkje eit kreativt namn på julebordet til Guano, men ein 4-dagars musikk- og teaterfestival på Kultursenteret Isak i Trondheim. Innfinn deg om du er i Trondheim og omegn.
Legg igjen en kommentar

Bodø Hardcorefestival

19.-21. november er det klart for Bodø Hardcorefestival. Tilskipinga har eit stort innslag av band frå den spennande scena i Bodø, t.d. Gourange. Det kjem også fleire band som ikkje skatter til Bodø kommune, mellom anna The New Wine. Dunderhonning spelar også på festivalen, nærmare bestemt fredag. Ta turen!
Legg igjen en kommentar

To nye låtar

Det popper stadig opp nye godlåtar frå Dunderhonning omkring på på nettet. Vår IKT-ansvarleg har eit streva styr med å halde oversikten, men vi gjer eit forsøk her: Manifest på NRK Urørt Bølgeskum på My Space
Legg igjen en kommentar

Ei av årets!

Flaming Lips tar han virkeleg ut på Embryonic. Det er mogleg min mentale tilstand slår inn i vurderinga, men dette albumet tar både gull, sølv, bronse og poenggjevande 4. og 5. plass. Mp3 – Worm Mountain (via Super 45)
Legg igjen en kommentar

Open My Eyes Todd

The Nazz er bandet Todd Rundgren spela i før han gjekk solo. Eit av mange amerikanske band som starta opp i kjølvannet av den britiske invasjonen. Låta “Open My Eyes” er ei ypperleg poplåt som tar nokre gode vendingar undervegs. Typisk Todd. Og morosam video. Eg er usikker på moralen i historia, men sikkert noko [...]
Legg igjen en kommentar