Vi i Guano har lenga ønska oss fleire gode uavhengige plateselskap i vårt langstrakte fylke. Jess, Nordland u suckers. Og no ser det ut som det var lurt å ønskje seg nettopp det når vi såg eit stjerneskot her om dagen. Dei to andre ønska var fred i verda og 12 rette i tipping.
Gode folk i Bodø har starta opp Beyond Records. Dei har allereie gjort ei kontrollert lekking av to låtar på nettet med IHAB og Gabriel. To band frå Bodø. Og labelen vil først og fremst ha fokus på det levande musikkmiljøet i byen.
Lukke til folkens! Men høyr på kva The Byrds seier. Vi gjorde ikkje det.
