Kva har du tenkt å sjekke ut på By:larm

By:larm startar opp om to dagar og eg er sjølvsagt seint ute med å sjekke artistane som skal spele. Men eg held på med siste innspurt no. Det er mykje bra, sjølv om det er blanda drops i eit såpass stort program. Det som slår meg når eg høyrer på mange av desse banda er utfordringa dei har med å skape sin eige stemme. Det er ofte lett å høyre kva dei høyrer på i pausane i øvingsrommet, og i år er det mange band som har (for)høyrt seg på toneangivande amerikanske indiebanda dei siste åra, som Animal Collective, Sufjan Stevens etc.

Nokre av dei som eg allereie har peika meg ut er Burnin God Little, Lovecult, Firefly Effect, Hypertext, Alexander von Mehren, Mary Me Young, Rancho Relaxo, Pow Pow, The Turns, Your Headlights are on, Misty Range og Young Dreams. Blir spennande å sjekke ut Lionheart Brothers og materialet frå den siste plata. Likte veldig godt debutplata deira og har alltid hatt gode opplevingar på dei meir utsvevande konsertane deira. Gler meg også til å Jenny Hval. Likte hennar førre prosjekt Rockettothesky, sjølv om det til tider har vore vel sprikande.  Norma Sass har ikkje heilt greit å levere på plate, og eg tykkjer det blir for finslept samanlikna med det eg har opplevd live. Men har alltid vore hyggeleg på konsertane deira. Elles vert det obligatorisk frammøte på konsertane til representane frå Nordland, Eline Thorp og Surfers Lingo. Dei er unge i dette selskapet, men vi trur dei kan gjere ein god figur under festivalen.

Eg har ikkje fått tid til å sjekke ut artistane frå dei andre nordiske landa, men eg skal i alle fall få med meg Dungen (om eg kjem meg inn), Junip, Retro Stefson, Peter Bjorn and John. Men her blir sikkert lista litt lenger.

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink. Post a comment or leave a trackback: Trackback URL.

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *

*
*

You may use these HTML tags and attributes <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>