Tuna Laguna i studio

Tuna Laguna har halde ein forhaldsvis låg profil sia dei gav ut Ripples and Swells i 2007. Men i det siste har vårt overvåkningssystem (Google Earth Street View) registrert meir og meir aktivitet. Det har vore sporadiske konsertar, bandet har jobba med nytt materiale og dei har byrja å spørje oss om pengar. Okei, det siste fann eg på.

Sist helg gjekk bandet i studio eller rettare sagt ein låve for å påbyrje det som etterkvart blir ei plate. Dei skal gjere innspelinga i fleire omgangar og vil prøve å mikse og ferdigstille låtane undervegs. Korfor ein låve? Bandet ønskjer å spele inn sakene i eit stort rom og leggje vekt på sjølve innspelingsfasen, aktiv bruk av rommet, mikrofonplassering og slike ting, og gjere minst mogleg etterarbeid, som t.d. leggje på klang, auto-tuner og andre fiksfakserier. Målet er å skape ei plate med varm og organisk lyd. Hmm, høyrast deilig ut. Tvitvi!

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink. Post a comment or leave a trackback: Trackback URL.

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *

*
*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>