Lalala

Kaja Bremnes, verdas beste kvæfjordværing (okei, vi kjenner ikkje såå mange frå Kvæfjord), har brukt vinteren på å spele inn debutplata si. Det heile har skjedd i Kysten studio i Tromsø saman med produsent Andreas Mjøs frå Jaga Jazzist. Og vi gler oss utifrå det som ligg på My Space! Eg må seie, I Was a Waltz er ei av dei betre norske låtane eg har høyrt på lenge. Endeleg nokon som tør å ta han litt når det kjem til produksjon og arrangement. Og som lukkast med det. Lalala. Som forresten er tittelen på plata. Det er ikkje heilt bestemt når sakene kjem ut, men som bestemora mi seier: “Esben, deinn som veinnta på noka godt, veinnta ikkje forgjeves. Har du fått deg jobb og kjæreste?” Okei, det siste skulle ikkje med her. Vanskeleg å sitere ho Bessa i Borge.

Vi elskar jo å namedroppe band og vi fekk Kaia til å nemne nokre artistar som ho har høyrt mykje på i vår:

Passion Pit
Rainbow arabia
Fools Gold
Bill Callahan
Dirty projectors
Deerhoof
Bombay bicycle club
Born Ruffians
Marie Sioux
The National
Scott Walker
Burt Bacharach

Vi har vore såpass frekk at vi har laga ei speleliste på Spotify. Håpar du tilgjev låtvala våre Kaia. Pleeease! Du er den einaste vi kjenner frå Kvæfjord.

Kommenter denne posten

(Må fylles ut)
(Må fylles ut)