Her om dagen greidde eg å overvinne apatien min i ca. tre kvarter, slik at eg fekk raska ihop ei samling med låtar og artistar som eg har høyrt ein del på i det siste. Har mellom anna tatt med ei låt frå plata Dark Developments som Vic Chesnutt, Elf Power og The Amorphous Strums gav ut i fjor. Trur eg. Ei veldig fin plate som desverre vart ei av dei siste med Vic Chesnutt. Han døydde for ikkje altfor lenge sia. Stricken City, Bo Diddley, Erkin Koray, Ride og Tune-Yards er nokre av dei andre artistane. Sistnemnte er soloprosjektet til Merrill Garbus som også spelar i Sister Suvi. Særdeles/meget bra.
Musikk er som fuckings terapi for meg #11 på 8tracks, Spotify og Wimp. Dei to sistnemnte spelelistene er litt annleis enn den opphavelege samlaren. Eg vil på det sterkaste fråråde folk, spesielt ungdom under 18 år, om å sjekke ut Erkin Koray på Spotify. Det var mange artistar som ikkje takla overgangen frå 70- til 80-talet, og Tyrkia var spesielt hardt ramma.
