Gouranga og IHAB legg snart heimbyen Bodø bak seg for å dra ut på ein odyssé i vårt langstrakte fylke, eller ein turne, om mitt svulstige språk ikkje gjev meining. Dei tar til og med turen innom heimøya vår for å spele. Vestvågøy, Vestvågøy, fuckings Vestvågøy. Det skjer torsdag 11. mars på Drivhuset. Vi oppmodar både gammal og ung til å ta turen for å sjekke ut desse finfine banda frå Bodø by.
Turnerute:
Onsdag 10/3 Sortland Rockeklubb
Torsdag 11/3 Drivhuset, Leknes
Fredag 12/3 Plastelina, Harstad
