Guano Recordings tar vanlegvis sterk avstand frå namedropping, men gjer eit hederleg unntak når våre band vert utsatt for det. Dunderhonning skal, som vi kanskje har nemnt 40-50 gongar, spele på bylarm om nokre dagar. Dagbladet fredag nemner Dunderhonning som eit av banda verdt å sjekke ut under tilskipinga. Om du er ein popsurfer vel og merke. Dagsavisen har også med bandet når dei har laga ei liste over 10 band som folk bør få med seg. Ein okei norsk musikkblogg som heiter Birds sometimes dance har laga ein guide til bylarm der gutane er med. Guano Recordings oppmodar alle til å undertrykke eigne ønsker, magekjensle etc under by:Larm og heller følgje desse tipsa slavisk.
Dunderhonning namedroppa