I den kreative og gode perioden etter punken, originalt nok kalla post-punken, dukka det opp ein liten skotsk label med mottoet The Sound of Young Scotland. Ein liten nikk til Motown sitt “The Sound of Young America”, og kanskje ein indikasjon på andre referansar enn det som var vanleg innanfor dei alternative musikkmiljøa på den tida.
Postcard Records vart danna av Alan Horne i 1979, Glasgow sitt svar på Andy Warhol. I følgje seg sjølv. Labelen gav ut 12 sjutommarar og eit album før dei la ned geskjeften i 81. Fire band var innom labelen på dei snaue to åra, Orange Juice, Josef K, The Go-Betweens og Aztec Camera. Dei to sistnemnte er betre kjent for det dei gjorde etter Postcard. Orange Juice og spesielt Josef K vart band for dei spesielt interesserte. Men dei fekk mange nye tilhengarar når Franz Ferdinand med fleire nemnte dei som store inspirasjonskjelder tidleg på 2000-talet. Og det høyrer ein tydeleg også.
Postcard Records representerte på mange vis ein anna estetikk enn mange av dei andre alternative banda i samtida. Langt meir poporientert og funky. Ja, du høyrte kva eg sa. Funky funky funky. Samstundes var dei også skakke, ranglete og opne i lydbilete. Slik vi liker det! Dei henta mykje inpirasjon frå 60-talet som t.d. The Byrds og Velvet Underground, men også frå soul og disco.
Sjølv om Postcard Records hadde ei kort levetid, så spela dei og banda ei viktig rolle i utviklinga av det vi i dag kallar indiepop. Dei opna opp for fleire og breiare musikalske referansar. Og greidde å kombinere dei på ein måte som den dag i dag låter friskt som dugg.
Postcard Records

Miksteip på 8 tracks
Speleliste på Spotify (ikkje berre frå utgjevingar på Postcard Records)