Våre venner i aust, Feskslog Records, har nettopp gjeve ut ei flott bok om pop- og rockehistoria i Vågan. Knut Erik Øverjord og Øyvind Hanssen har lagt ned eit solid stykke arbeid med å kartleggje band, artistar og arrangørar opp gjennom tida. Pionerarbeid på lik linje med Asbjørnsen og Moe. Aaah, eg elskar å trekkje historiske parallellar. Det er altfor lite populærmusikk i lokalhistoria kring i landet og gutane viser veg. Knut Erik har også gjort boka til eit fryd for auget.
Æ bor i Lofoten er trykka opp i eit opplag på 500 stk. Det kan med andre ord vere lurt å bestille seg eit kopi ganske kjapt. Fleire døme frå boka og bestillingsinfo på heimesida til Knut Erik.
