Open My Eyes Todd

The Nazz er bandet Todd Rundgren spela i før han gjekk solo. Eit av mange amerikanske band som starta opp i kjølvannet av den britiske invasjonen. Låta “Open My Eyes” er ei ypperleg poplåt som tar nokre gode vendingar undervegs. Typisk Todd. Og morosam video. Eg er usikker på moralen i historia, men sikkert noko i retning av at “menn i band får alle damene same kor teite dei er”.

Eg veit ikkje om det er bra for nattesøvnen å gå god for alt som Todd Rundgren har gjeve ut, men “Something/Anything?” frå 72 og “A Wizard, A True Star” frå 73 er gode titlar å nemne for å unngå bank om du møter på folk som lever etter trusretninga “Todd is God”. Han har også produsert album til andre artistar, mellom anna ei av mine favorittplater, Skylarking til XTC.

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink. Post a comment or leave a trackback: Trackback URL.

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *

*
*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>