Eg fekk låne debutplata til King Crimson, “In The Court of the Crimson King” av ein hedersmann i troppen min når eg avtjente førstegangstjeneste på Setermoen. Han dimma like etterpå og eg hugsar ikkje namnet hans. Men han hadde langt hår som han nekta å klippe. Hmm, kanskje difor han dimma.
Det var ei sjelesettande-ut-av-kroppen-oppleving å høyre plata for første gong. Det var lenge favorittplate mi, og ho rager enno høgt der oppe. Det var mitt første møte med eksperimentell rock, og plata fekk meg etterkvart på jazzkjøret og alt det medførte: billig raudvin, passiv røyking i tette jazzbuler, ingen damer og senebetennelse i jazzfoten. Nemnte eg ingen damer? Men “In the Court of the Crimson King” ser ikkje berre mot jazzen. Samtidsmusikk, støy og disharmoni, engelsk folk og låtar med store og luftige lydbilete som peiker fremover mot det som mellom anna Pink Floyd gjorde på Dark Side of the Moon. It`s all there folks. Hipp hipp hurra!
In the Court of the Crimson King