Monthly Archives: October 2009

Ei av årets!

Flaming Lips tar han virkeleg ut på Embryonic. Det er mogleg min mentale tilstand slår inn i vurderinga, men dette albumet tar både gull, sølv, bronse og poenggjevande 4. og 5. plass. Mp3 – Worm Mountain (via Super 45)

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Open My Eyes Todd

The Nazz er bandet Todd Rundgren spela i før han gjekk solo. Eit av mange amerikanske band som starta opp i kjølvannet av den britiske invasjonen. Låta “Open My Eyes” er ei ypperleg poplåt som tar nokre gode vendingar undervegs. Typisk Todd. Og morosam video. Eg er usikker på moralen i historia, men sikkert noko [...]

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Spam-o-rama!

Vonde krefter, sikkert leia av dei multinasjonale plateselskapa, pornoindustrien og datanerds i Singapore, prøver å destabilisere Guano gjennom spam i våre kommentarfelt. Vi måtte difor sletta alle kommentarane, også dei vennlegsinna. Eg meiner, den venlegsinna. For tida er det berre mogleg å skrive komentar om ein er logga på WordPress. Men vår tekniske avdeling jobbar [...]

Posted in Uncategorized | 3 Comments

Dunderhonning til by:Larm

Dunderhonning er eit av 41 demoband som er valt ut til å spele på by:Larm i Oslo 18.-20. februar 2010. Guano gratulerer gutane og dei andre utvalte banda og spretter ei flaske Champagne for å feire. Retting! Etter å ha rådført oss med rekneskapsføraren vår vert det ei flaske Cava.

Posted in Uncategorized | 2 Comments

In the Court of the Crimson King

Eg fekk låne debutplata til King Crimson, “In The Court of the Crimson King” av ein hedersmann i troppen min når eg avtjente førstegangstjeneste på Setermoen. Han dimma like etterpå og eg hugsar ikkje namnet hans. Men han hadde langt hår som han nekta å klippe. Hmm, kanskje difor han dimma. Det var ei sjelesettande-ut-av-kroppen-oppleving [...]

Posted in Uncategorized | Leave a comment