Bill Callahan

Bill Callahan
Det hender av og til at eg investerer i såkalla musikkmagasin. Du veit sånne som dei sel på kioskar som Narvesen og Mix, mellom anna. Som oftast kjøper eg blada Uncut eller Mojo. Av og til fylgjer det med ein samle-cd med diverse aktuelle artistar. Som oftast er det desse cd’ane som lokkar meg til å kjøpe bladet. I eit av dei seinaste utgåvene av Mojo fylde det med ein slik cd med tittelen New Harvest – A Compendium of Modern North American Song. Med flotte artistar som The Dodos, Animal Collective, Fleet Foxes, Iron & Wine, Akron/Family og Vetiver vart dette ei knallfin oppleving. Etter nokre gjennomlyttingar var det likevel ein, for meg, ukjend stemme som etterlot dei djupaste spora. Den mørke, avmålte og litt skjelvande stemmen tilhøyrde Bill Callahan på låta “Eid Ma Clack Shaw”.

Bill Callahan er ved nærmare etterforsking (allmusic.com) langt frå ny i gamet, men har operert under psevdonymet Smog i nesten to tiår. Det var ikkje før i 2007 at han brukte sitt egentlige namn, med utgjevinga Woke on a Whaleheart . ”Eid Ma Clack Shaw” er henta frå albumet Sometimes I Wish We Were an Eagle som er ny av året. Herved anbefalt!

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink. Post a comment or leave a trackback: Trackback URL.

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *

*
*

You may use these HTML tags and attributes <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>