I førre post skreiv eg om 8tracks, ei side som gjev folk sjansen til å leggje ut og høyre miksteipar på nett. Men vi må jo ikkje gløyme i desse internettider at heile miksteipkulturen starta med kassetten og etterkvart også cd-r. 8tracks er faktisk kalla opp etter dei første kassettane som kom på marknaden på 60-talet, dei såkalla 8 track (p.g.a. slett research var eg desverre ikkje klar over dette når eg skreiv førre post). Men no har eg lese ein fin artikkel på Wikipedia og kan vere ein god festbremsar når eg skal snakke om utviklinga til miksteipen frå midten av 60-talet og fram til i dag om eg nokon gong blir invitert på fest. Pleeaaase, inviter meg på fest. Anyone. Eg skal ikkje snakke om miksteip.

Ei bok som illustrerer sjølve kjerna i miksteipkulturen (dele med andre og på eit vis redefinere musikken gjennom ein personeleg miksteip) og ikkje minst den visuelle delen gjennom cover er Mix Tape: The art of casette culture. Redigert av sjølvaste Gud=Thurston Moore. Dette er flotte saker. Han har invitert artistar, musikarar og andre godtfolk til å presentere ein miksteip som dei har laga ein eller anna gong. Stort sett på kassett. Han Lasse Marhaug står for det norske bidraget. Flotte spelelister og småhistoriar rundt miksteipane og ekstremt mange fine cover. Dette er jo det nærmaste eg kjem art book i bokhylla mi, om du ser bort frå den illustrerte bibelen eg fekk etter vaksendåp i Akerselva.
Esben