Lenge leve miksteipen!

8tracks-logo

Internett. For ei fantastisk greie. Ikkje nok med at eg slepp å ha eit sosialt liv, eg får sjekka ut mengder med musikk på nye og spennande måtar. Som musikkinteressert openbarte det seg ei ny verd for meg tidleg på 2000-talet når overføringskapasiteten på nettet vart betre. Det eksisterte ikkje så mange sider som gav folk sjansen til sjekke ut musikk på lovleg vis, stort sett som resultat av det bakstrevske forhaldet musikkbransjen lenge hadde og til ein viss grad enno har til nettet. Men noko var det jo. Delar av den alternative musikkbransjen hadde skjønna teikninga og eg var ofte innom sider som Epitonic og Insound. Og det var mogleg å laste ned MP3-filer eller streame musikk frå mange av dei uavhengige plateselskapa. Ting har heldigvis vorte betre med musikkbloggar, My Space, Spotify blabla og det dukker stadig opp nye fine sider der ein kan sjekke ut musikk og pushe mi..eee sin eige musikksmak på andre.

8tracks er ei side godt rotfesta i miksteipkulturen som gjev folk sjansen til å leggje ut og spele av ein miks på 8 låtar eller maks 30 min. Det kryr av miksar på sida og det er overhengande fare for å treffe på både hummer, kanari og dei tre omstreifande elgane på Vestvågøy. Men det er mogleg å navigere seg litt i jungelen. Ein kan søkje på band i miksen eller leite etter sjanger. Dei fleste miksane har også merkelappar på kva slags type sjanger sakene inneheld. No er jo eg ein betrevitar og vanlegvis imot merkelappar og sjanger, men i denne samanhengen funker det ganske greit. Det er lett å registrere seg som brukar og det skal du vere sikre på at eg kjem til å gjere. Førebu deg mentalt på miksteipar på bloggen i tida som kjem.

Esben

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink. Post a comment or leave a trackback: Trackback URL.

2 Comments

  1. Posted 16/08/2009 at 20:26 | Permalink

    8tracks er kule saker!

  2. Esben
    Posted 18/08/2009 at 00:39 | Permalink

    8tracks is the new 8 track (okei, kanskje litt intern om du ikkje har lest artikkelen på Wikipedia)! Du må lage oss ein miksteip Ståle. Om du gjer det, så lover eg at eg skal skåne deg for mine.

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *

*
*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>