Gouranga og IHAB legg snart heimbyen Bodø bak seg for å dra ut på ein odyssé i vårt langstrakte fylke, eller ein turne, om mitt svulstige språk ikkje gjev meining. Dei tar til og med turen innom heimøya vår for å spele. Vestvågøy, Vestvågøy, fuckings Vestvågøy. Det skjer torsdag 11. mars på Drivhuset. Vi oppmodar både gammal og ung til å ta turen for å sjekke ut desse finfine banda frå Bodø by.
Turnerute:
Onsdag 10/3 Sortland Rockeklubb
Torsdag 11/3 Drivhuset, Leknes
Fredag 12/3 Plastelina, Harstad



















Musikk er som fuckings…#11
Her om dagen greidde eg å overvinne apatien min i ca. tre kvarter, slik at eg fekk raska ihop ei samling med låtar og artistar som eg har høyrt ein del på i det siste. Har m.a. tatt med ei låt frå plata Dark Developments som Vic Chesnutt, Elf Power og The Amorphous Strums gav ut i fjor. Trur eg. Ei veldig fin plate som desverre vart ei av dei siste med Vic Chesnutt. Han døydde for ikkje altfor lenge sia. Stricken City, Bo Diddley, Erkin Koray, Ride og Tune-Yards er nokre av dei andre artistane. Sistnemnte er soloprosjektet til Merrill Garbus som også spelar i Sister Suvi. Særdeles/meget bra.
Musikk er som fuckings terapi for meg #11 på 8tracks, Spotify og Wimp. Dei to sistnemnte spelelistene er litt annleis enn den opphavelege samlaren.